A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Søknad om plass i barnehage og skulefritidsordning

Test

Velkomen som søkjar til barnehage/skulefritidsordning for 2014/2015. Årdal kommune har ledige plassar i skulefritidsordning i Øvre Årdal, på Årdalstangen og i barnehagane:

Øvre Årdal (0-6 år):
Farnes barnehage
Uravegen barnehage
Haugane barnehage
Ve barnehage

Årdalstangen (0-6 år):
Årdalstangen barnehage
Einehaugen barnehage

 

Kven kan søkje?

  • dei som ynskjer barnehageplass, og som ikkje har plass i dag
  • dei som ynskjer endring i det noverande barnehagetilbodet
  • dei som går i 1.- 4. klasse som ynskjer plass i skulefritidsordninga.

Born som har barnehageplass treng ikkje søkje, men i SFO må ein søkje kvart år.

Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema, kan ein få hjå styrarane i barnehagane, eller hjå Solveig Hunshammer tlf. 57 66 48 09

Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema til SFO;
Ann Merete Sviggum, Tangen skule tlf. 57 66 52 72
Hanne Britt Eldegard, Farnes skule tlf. 57 66 54 59

 

Søknadsskjema:

Elektronisk søknadsskjema
Skjema i pdf, må skrivast ut

Papirversjon finst på helsestasjonane, tenestetorget i Rådhus 1, i barnehagane og skulane (SFO).

 

Søknaden skal sendast til:

Årdal kommune, barnehagane, postboks 40, 6881 Årdalstangen.
Søknad på papir kan også leverast i ein barnehage eller på tenestetorget.

Søknadsfrist 1. februar 2014.

Hovudopptaket vert gjort innan 1.mars. Oppstart i barnehagar og SFO er 18. august 2014.

Barn som vert teke opp gjennom suppleringsopptak elles i året, vil berre kunne begynne i barnehagen desse datoane: 01.01., 01.04. og 01.11. Søknad må vere registrert seinast ein månad før oppstart.

Tips ein ven Skriv ut