Velkomen som søkjar til barnehage/skulefritidsordning. Årdal kommune har ledige plassar i skulefritidsordning i Øvre Årdal og på Årdalstangen og i desse barnehagane:
Øvre Årdal:
• Farnes barnehage 0-6 år
• Uravegen barnehage 0-6 år
• Haugane barnehage 0-6 år
• Ve barnehage 0-6 år
Årdalstangen:
• Årdalstangen barnehage 0-6 år
• Einehaugen barnehage 0-6 år
Kven kan søkje?
- dei som ynskjer barnehageplass, og som ikkje har plass i dag
- dei som ynskjer endring i det noverande barnehagetilbodet
- dei som går i 1.- 4. klasse som ynskjer plass i skulefritidsordninga
Barn som har barnehageplass treng ikkje søkje.
Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema, kan ein få hjå styrarane i barnehagane, eller hjå:
* Torunn Liltved, rådgjevar barn og unge tlf. 57 66 51 15
Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema til SFO, kan ein få
* Ann Merete Sviggum, Tangen skule tlf. 57 66 52 72
* Hanne Britt Eldegard, Farnes skule tlf. 57 66 54 59
Søknadsskjema:
Elektronisk søknadsskjema - SFO
Elektronisk søknadsskjema - Barnehage
Papirversjon finst på helsestasjonane, Tenestetorget i Rådhus 1 og i barnehagane.
Søknaden skal sendast til:
Årdal kommune, Barnehagane, Postboks 40, 6881 Årdalstangen.
Søknad på papir kan leverast i ein barnehage eller på Tenestetorget.
Søknadsfrist 1. februar 2012.
Hovudopptaket vert gjort 1.mars 2012. Året i barnehagen og SFO startar 16.08., men pga planleggingsdagar er oppstart for barna 20. august.
Barn som vert teke opp gjennom suppleringsopptak elles i året, vil berre kunne begynne i barnehagen desse datoane: 01.01., 01.04. og 01.11. Søknad må vere registrert seinast ein månad før oppstart.