Søknad om barnehageplass - ny løysing

Einehaugen barnehage

Barnehagane har gått over til ny løysing og det blir innført nytt elektronisk skjema for søknad på barnehageplassar.

NB! Dei som har søkt og ikkje har fått plass no i haust, må søkje på nytt i den nye løysinga.

Søknad til barnehageplass kan frå no kun leverast elektronisk og ikkje på papir.

Gå inn på søknadsskjema  som du fyller ut og sender direkte inn til kommunen. Alle data vert kryptert og sendt over sikker linje.
Me ber dykk likevel vere varsam med kva opplysningar du legg inn i skjema (helseopplysning m.m.)
 
Når du opprettar brukar og logger deg inn i skjemaløysinga får du mellom anna tilgang til å mellomlagre skjema og oversyn over skjema som er sendt inn tidlegare. 
Plassen gjeld frå den 1. eller den 16. i månaden (dvs. ein kan velje oppstart den 1. eller 16. i kvar mnd. )
Ein må i kommentarfeltet på søknaden skrive om ein har sysken i SFO
Viktig at ein legg inn opplysningar om begge føresette.
Tips ein ven Skriv ut