Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit førebyggande og helsefremjande tiltak, og er ikkje basert på å driva med behandling.

Elevane får:

  • testa syn
  • høyrsel
  • målt lengde
  • samt tilbod om legeundersøking ved behov

Der ein finn det naudsynt vert elevane kontrollert oftare, eller tilvist til fastlege. Dette er i samarbeid med foreldre.

Samarbeid med skulen, fysioterapeut, PPT, psykisk helsevern og barnevern om born/ungdom med spesielle behov.
Bør bli informert frå foreldre om det oppstår psykisk eller fysisk sjukdom som krev spesielle omsyn som t.d. epilepsi, diabetes, psykiske belastningar i familien som skilsmisse, dødsfall og sorg.

Målsetjing for skulehelsetenesta:

  • Sikre at born og unge får den helseundersøkinga og den helseopplysninga dei har rett på
  • Utføra målrettta helseundersøkingar tilpassa individuelle behov og risiko
  • Samarbeide med heim, skule og andre i hjelpeapparatet for å identifisera og løysa helseproblem som har samanheng med skuleelevane sin situasjon. Samt vera pådrivarar og samarbeidspartnar for skulen sine tilsette.
  • Alle barn skal få tilbod om vaksinasjon etter det anbefalte programmet 

 
5-6 år
Skulestartundersøking
(helsesøster og skulelege)
Undersøking i grupp av fysioterapeut etter skulestart

1. klasse
Zippys venner


2. klasse
Polio/DTkikhostevaksine m/foreldre. Zippy's


3. klasse
Helseundersøking m/foreldre; vekt/lengde, syn


5. klasse
Helseundersøking hjå helsesøster

Helsesirkel, syn, høgde og vekt.
Pupertetsundervisning i grupper, jenter.

6. klasse
MMR vaksine

Pupertetsundervisning i grupper, gutar.

7. klasse
HPV vaksine (3 doser, kun jenter)


8. klasse
Idividuell samtale med helsesøster

Helsesirkel, syn, høgde/vekt
Prosjekt "alle har ei psykisk helse"

9. klasse
Mantoux og BCG vaksine på indikasjon

Prevensjonsundervisning
Prosjekt "Alle har ei psykisk helse"

10. klasse
Polio/DT/kikhostevaksine

Undervisning sex/samliv.
Prosjekt "Alle har ei psykisk helse"

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Powered by CustomPublish AS