Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit førebyggande og helsefremjande tiltak, og er ikkje basert på å driva med behandling.

Elevane får:

  • testa syn
  • høyrsel
  • målt lengde
  • samt tilbod om legeundersøking ved behov

Der ein finn det naudsynt vert elevane kontrollert oftare, eller tilvist til fastlege. Dette er i samarbeid med foreldre.

Samarbeid med skulen, fysioterapeut, PPT, psykisk helsevern og barnevern om born/ungdom med spesielle behov.
Bør bli informert frå foreldre om det oppstår psykisk eller fysisk sjukdom som krev spesielle omsyn som t.d. epilepsi, diabetes, psykiske belastningar i familien som skilsmisse, dødsfall og sorg.

Målsetjing for skulehelsetenesta:

  • Sikre at born og unge får den helseundersøkinga og den helseopplysninga dei har rett på
  • Utføra målrettta helseundersøkingar tilpassa individuelle behov og risiko
  • Samarbeide med heim, skule og andre i hjelpeapparatet for å identifisera og løysa helseproblem som har samanheng med skuleelevane sin situasjon. Samt vera pådrivarar og samarbeidspartnar for skulen sine tilsette.
  • Alle barn skal få tilbod om vaksinasjon etter det anbefalte programmet 

5-6 år:
Skulestartundersøking (helsesøster og skulelege)
Undersøking i gruppe av fysioterapeut. Oppsummeringsmøte med skulen

1. klasse:
Zippys venner
 
2. klasse:
Polio/DT/kikhostevaksine. Samtale, høgde/vekt, syn
 
5. klasse:
Helseundersøking hjå helsesøster
Helsesirkel, syn og hørsel, høgde og vekt
Pubertetsundervisning i grupper, jenter
 
6. klasse:
MMR vaksine
Pubertetsundervisning i grupper, gutar
Samtalegrupper
 
7. klasse:
HPV vaksine (3 doser, kun jenter)
Samtalegrupper
 
8 klasse:
Individuell samtale med helsesøster
Helsesirkel, syn, høgde/vekt
Samtalegrupper
Prosjekt "alle har ei psykisk helse"

9. klasse:
Mantoux og BCG vaksine på indikasjon
Prevensjonsundervisning i grupper
Samtalegrupper

10. klasse:
Poliovaksine
Undervisningsgrupper sex/samliv

Kontaktinformasjon

Telefon 57 66 53 83
Mobil 975 63 271

Leiande helsesøster
Siv Smedegård

Besøksadresse:
Helsestasjon Øvre Årdal
Jotunvegen 4
6884 Øvre Årdal

Helsestasjon Årdalstangen
Statsråd Evensensveg 1
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Web levert av CustomPublish AS