A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Skrivargarden AS første miljøfyrtårnverksemd

Diplom, som synleg bevis på utmerkinga, vart utdelt i kommunestyremøtet torsdag 20. juni.

  • 1

Miljøfyrtårn er ei nasjonal tredjeparts sertifiseringsordning som tilbyr relevant, konkret miljøsertifisering til private og offentlege verksemder. Miljøverndepartementet støttar ordninga, som bygger på eit lokalt samarbeid mellom kommune og verksemder. Stiftinga Miljøfyrtårn administrerer ordninga. 

Kommunestyret vedtok i Ksak 015/13 å kjøpe lisens i Miljøfyrtårn for å legge til rette for at lokale verksemder kan få sertifiseringa.

Det er bransjekrava som er sentrale i Miljøfyrtårn. Ved å tilfredsstille desse krava oppnår ein, ifølgje Miljøfyrtårn, positive effektar for arbeids- og ytre miljø, dette kan igjen gje innsparing på driftssida. Miljøfyrtårn er enkelt, konkret, handlingsorientert og oppnåeleg for alle.

Meir informasjon om Miljøfyrtårn www.miljofyrtarn.no

Me gratulerer Skrivargarden AS som første verksemd ut i kommunen.

Tips ein ven Skriv ut