A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Skredsikringsarbeid-Vegstenging fv. 5631 ved Øyni bru

Bildekart Øyni bru Utladalen.jpg
Måndag 5. oktober startar fylkeskommunen skredsikringsarbeid ved Øyni bru (fv. 5631). 
Arbeidstida er måndag til og med laurdag frå kl. 07:00 på morgonen til kl. 19:00.

Frå før er det satt opp isnett på strekninga, no skal området sikrast ytterlegare. Det skal setjast opp fanggjerder for steinsprang, og fjellsida skal reinskast og boltast ved behov. 
 
Stenging
Det er fare for nedfall under arbeidet. Vegen og gangvegen må difor stengast heilt når reinskearbeidet i fjellsida og anna arbeid der det er fare for nedfall går føre seg. 
Stenginga gjeld både for motortrafikk, gåande og andre mjuke trafikantar. 
 
Arbeidsperiode
Vi reknar med at arbeidet som vil krevje vegstenging vil vare mellom to til tre veker frå oppstart 5. oktober, men dette kan bli endra då arbeidsperioden blir bestemt av kor mykje som må reinskast og sikrast og vurderingar undervegs. Vi vil kommunisere dette så snart som mogleg. 
Både fylkeskommunen og entreprenør har som mål å gjere perioden med stengingar så kort som mogleg. 
 
Arbeidstider
Arbeidstida er måndag til og med laurdag frå kl. 07:00 på morgonen til kl. 19:00.
Det blir opningar periodevis ved kvar time og ved kvar halvtime: vegen vert opna kvar halve klokketime mellom kl. 7-9 og 15-17, og kvar heile klokketime kl. 9-15 og 17-19. 
Det blir og opna når skulebussen passerer, sjå tider for dette under.
I tillegg vil det bli kortare stengingar når deler til fanggjerda skal flygast opp med helikopter og monterast. 
 
Oppsummering
Stengingane gjeld frå 5. oktober og minimum to til tre veker etter dette. 

Passeringstider: 
Opning trafikk og gåande:      ved kvar heile time mellom   kl. 09.00-15:00
                                               ved kvar halve time mellom  kl. 07.00-09.00 og 15.00-17.00
Opning for skulebuss:  
                                               måndag til fredag:                              kl. 08:00 og 08:15 
                                                                                                          kl. 14:35 og 14:50
                                              måndag, tysdag, onsdag og fredag:   kl. 13:12 og 13:25
 
Sjå også trafikkmeldingar på www.175.no / tlf. 175.
 
Vestland fylkeskommune vil koma med meir informasjon når arbeidet er kome i gang og dei kan seie meir om omfanget.