A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Skogrydding i november

Fardalen og Seimsdalen

skogrydding

Årdal Energi skal gjennomføre rydding av vegetasjon lang luftlinjer og tilhøyrande anlegg i Årdal kommune.

Årdal Energi skriv i brev til kommunen:
 

Linjeryddinga er naudsynt for å ivareta leverings- og persontryggleiken og for å følgje opp krav frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
Krava er fastsatt i Forskrift om elektriske forsyningsanlegg § 7-4.
Me syner til Energi Norges Standard avtale for nettleie og vilkår for tilknytning § 3-6 som gjev netteigar naudsynt tilkomst til eigedommane for vedlikehald av anlegga.

Hogstavfall i private hagar blir fjerna om du ikkje kan nytta det. Større tre blir kvista og stokk(ar) vert lagt på eigna plass og er grunneigar sin. Me fjernar nedfelt trevirke og hogstavfall frå vegar og stiar slik at det ikkje tettar bekkar og grøfter. Dersom det er prydtrær eller liknande som må kvistast på en spesielt skånsam måte på din eigendom og i nærleiken av våre anlegg, ber me om å ta kontakt med oss så fort som mogleg, sånn at me kan bli einige om korleis det skal utførast. Ryddebredde på trase er 15 meter, sjå vedlagt kartutsnitt av aktuell trase.

Årdal Energi nytta innleigd fagfolk til vedlikehaldsarbeidet.
Dersom du har spørsmål i forbindelse med skogryddinga, kontakt Årdal Energi ved Fredrik Furseth Bjørk, e-post: fb@ardal-energi.no 

Les heile brevet HER. I brevet er der fleire bilete.

Tips ein ven Skriv ut