A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Skatteoppkrevjarkontoret vert nedlagt frå 1. november 2020

Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag. Skatteetaten får då alt ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. 
Telefonnummer til Skatteetaten er  800 80 000. Anna kontaktinformasjon finn du her: https://www.skatteetaten.no/kontakt

Etter 1. november 2020 er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.
Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er mellom anna handsaming av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.
Du finn meir informasjon på skatteetaten.no. Her kan du finna svar på mange spørsmål og har mogelegheit for å senda inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager mm via nett. Trenger du meir hjelp, kan du kontakte Skatteetaten på telefon 800 80 000.