A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Sjukepleiar

Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved Korttidsavdelinga Årdal bu og omsorgsenter (ÅBO).
Stillinga er ledig frå snarast. Søknadsfrist 07.12.2020.

Årdal kommune har 9 plassar for tidsavgrensa opphald i institusjon integrert i Årdal bu og omsorgsenter.
Tenesta gjev opphald for rehabiliering eller utredning/behandling.
 
Det er 3-delt turnus, med lange vakter på helg.
Den tilsette må vera systematisk og ha god diagnosekompetanse.
 
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar.
 
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Du må vere fleksibel og systematisk og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må beherske norsk godt både muntleg og skriftleg.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter HTA i stillingskode 7174 med for tida lønsplassering frå kr 410.000,- til kr 505.000,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune. Du må levere politiattest før du tek til i stillinga.
 
I tråd med Årdal kommune sin kompetanse og rekrutteringsplan, er det for denne faste stillinga høve til å motta 
nytilsettstipend. Stipendet er på kr 30.000.-, er skattepliktig og har ei bindingstid på 2 år frå startdato.
 
Årdal kommune har eige reglement for ordningar med lån og tilskot til faste nytilsette.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Andre stillingar
Årdal kommune har og ledig:
-helgestillingar på sjukeheimane,
-tilkallingsvikar i heimehjelp/ BPA (Brukarstyrt personleg assistent)
-støttekontakt/avlastar
 
Sjå ledige stillingar på heimesida vår www.ardal.kommune.no
 
Søknadsfrist 07.12.2020 Utlyst dato 19.11.2020 Vårref 1106
 
Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for pleie og omsorg, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no