A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sjukepleiar - 85% vikariat

Ledig stilling

Me har ledig 85% vikariat som sjukepleiar i team til brukar som treng døgnkontinuerleg helsehjelp og praktisk bistand.
Vikariatet gjeld i tida 01.04.18 - 31.12.18.
Søknadsfrist 26.02.2018.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida 3-delt turnus med lange vakter kvar 3.helg.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er å yte helsehjelp og praktisk bistand i alle daglege gjeremål.Oppgåvene omfatter respiratorisk og 
medisinsk behandling. Den som vert tilsett arbeider i team  i døgnkontinuerleg turnus, med for tida 3-delt turnus med 
lange vakter kvar 3.helg.

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg :
- som tek ansvar og greier å setje deg inn i brukar sin situasjon.
- som er positiv og fleksibel, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- som likar å arbeide både sjølvstendig og i team.
- som har evne og vilje til god relasjon og dialog med brukar, pårørande og tilsette.
- som har gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale og kvalifikasjoner
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Du må ha førarkort for bil.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Marit Njøs Natvik, mobil: 90271160, marit.njos.natvik@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut