A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sjukepleiar, 85% fast - frist 20.05.18

Ledig stilling

Me har ledig
85% fast stilling som sjukepleiar i team til brukar som treng døgnkontinuerleg helsehjelp og praktisk bistand.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida 3-delt turnus med lange vakter kvar 3.helg.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er å yte helsehjelp og praktisk bistand i alle daglege gjeremål. Oppgåvene omfatter respiratorisk og medisinsk behandling. Den som vert tilsett arbeider i team i døgnkontinuerleg turnus, med for tida 3-delt turnus med lange vakter kvar 3.helg.

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg :
- som tek ansvar og greier å setje deg inn i brukar sin situasjon.
- som er positiv og fleksibel, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- som likar å arbeide både sjølvstendig og i team.
- som har evne og vilje til god relasjon og dialog med brukar, pårørande og tilsette.
- som har gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale og kvalifikasjoner.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Du må ha førarkort for bil.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.


Søknadsfrist 20.05.2018 Utlyst dato 08.05.2018 Vårref 944
Kontaktperson
Marit Njøs Natvik, mobil: 902 71 160, marit.njos.natvik@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut