SFO Årdalstangen

Skulefritidsordninga held til på Tangen skule i lokala til 1. klasse, og er delt i tre avdelingar Karius, Baktus og Jens.

Skulefritidsordninga er open måndag – fredag  kl. 0645 – 1600.

Born som har plass i SFO før undervisningstid, møter i lokalet til 1. klasse (under skulekjøkenet). Det er den avdelinga SFO held til kvar morgon.

Innanfor denne tida kan ein velje opphaldstid berre på føremiddag (F), ettermiddag (E), eller heil dag (H). I feriar og skulefrie dagar er det påmelding etter behov.
Skjema for påmelding vert sendt ut i god tid før feriane.

Foreldra gjer avtale for sitt barn om aktuell hentetid, eventuelt kva tid deira barn kan gå heim åleine. Søknad om plass på SFO må gjerast kvart år. Søknadsfristen er som i barnehagane 1. februar.

Overordna mål:
Det er vår oppgåve å ta vare på kvart einskild barn og dei evner den einskilde har.

Motto:
Fridom under ansvar, trivsel, tryggleik og omsorg.

  • me ynskjer å bidra til at borna får ein trygg og stabil skuledag i nært samarbeid med dei føresette og skulen.
  • me ynskjer å gje borna omsorg og tryggleik.
  • me ynskjer å gje borna våre vaksenkontakt og høve til kontakt på tvers av alder og kjønn.
  • me ynskjer å vere ein SFO, med vekt på bornas eigne behov, eigen kultur og retten til å velje kva dei sjølv vil gjere.
  • me ynskjer at vår SFO skal vere ein stad der borna føler at dei kan disponera litt av tida si sjølve.
  • SFO skal vera ein fristad der ingen treng å føle at dei må yte noko reint fagleg.

Vår hovudoppgåve:
SFO skal vere eit leike- og aktivitetstilbod for våre born mellom 6-10 år (1-4 klasse ), der verdisyn og grunnhaldningar er dei same som på skulen.

Dagen består av leksehjelp, ulike aktivitetar, uteleik og frileik. Leiken er ein viktig del av borna sin utvikling og det er i leiken dei utviklar fellesskapskjensle, empati (medkjensle), kreativitet og evna til å samarbeide. Leiken er ei skapande verksemd, som er viktig for å utvikla begrep, forestillingar, kunnskapar og innsikt i mange ulike fag.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Powered by CustomPublish AS