A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Seimsdalstunnelen blir utan lys til juli månad

Statens vegvesen har ikkje lukkast med å finna jordfeilen, kabelen som går gjennom tunnelen er i so dårleg forftning at heile el-kabelen må skiftast seier prosjektleiar Per Ove Fossheim og lysa i tunnelen kjem ikkje att før dei har fått skifta heile kabelen som går gjennom tunnelen, og i beste fall kan straumen vera attende i månadsskiftet juni-juli..

Bestillinga på kabel er lagt inn, men det er litt ventetid. Når utstyret er på plass må ein rekna med ein 3-4 veker med arbeid. Det betyr at arbeidet tidlegast kan vera ferdig ved inngangen til juli månad. Det vil bli ein del styrt trafikkavvikling i arnleggstid.

I tida fram til straumen er tilbake, vil vegvesenet gjera ulike tiltak for å betra tryggleiken. Denne veka vil tunnelen bli feia, og i neste veke skal det målast kantstriper som også skal få innfelt refleks.

Gåande og Syklande
Vegvesenet har i samråd med politiet og kommunen vedteke å stengja tunnelen for gåande fram til lyset er tilbake.

Etter avklaringar og vurderingar med kommune og politi, har ein kome fram til at ein går for ei løysing med forbudskilt for gåande (306.7). Forbodsskilt for gåande blir sett opp så raskt som råd.

Ein vil tillate for sykling under føresetnad av at ein føl trafikkreglane Jf. trafikkreglane SKAL syklar vere utstyrt med lys framme og bak.

Politiet vil følge opp dette i den tida ein har mørk tunnel.
Blir det merka avvik, blir tunnelen stengd for syklistar.

 

Statens Vegvesen beklagar ulempene dette medfører brukarane, men seier at ein med feil på det el-tekniske anlegget må følgja føreskriftene.


 

 

Tips ein ven Skriv ut