Telefon 57 66 56 75
Fax 57 66 56 71
Kontaktperson
Berit Margrethe Grønsberg
Besøksadresse:
Dalavegen 19
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein aldersdemensavdeling og ein pleieavdeling med langtidsplass for til saman 16 pasientar. Kvar avdeling har eige kjøken med levering av middag frå storkjøkenet i kommunen.
Målsetjinga for sjukeheimen er å gi individuelt tilpassa, heilskapleg pleie og omsorg til pasientane. Ynsket om å ta vare på pasientane sine ressursar er prioritert.
Pasientromma er einerom med eige bad. Romma er utstyrte med seng, nattbord, sofa, bord, hylle og lenestol. Pasientane har høve til å ta med møblar og utstyr for å gje rommet personleg preg. Dette viser seg å ha positiv innverknad på trivselen for den einskilde pasienten.
Det er om lag 30 tilsette ved Seimsdalen sjukeheim. Dette inkluderer avdelingssjukepleiar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, assistentar og kjøkkenpersonale. Elles er det eigen tilsynslege og vaktmeister, og nært samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, tannlege, tannpleiar, fotpleiar, frisør, reinhaldarar, gravferdsbyrå og prest.
Sjukeheimen vert driven etter modellen for primærsjukepleie. Kvar pasient har ein primærpleiar, som i lag med pårørande, har ansvar for det praktiske arbeidet som t.d. tinging av frisør-, lege-, tannlegetimar, innkjøp av klede og hygieneartiklar.
Pasientane har høve til å ta del i sosiale aktivitetar som:
Publisert: måndag 19. juli 2010, 14:11
Oppdatert: tysdag 24. mai 2011, 14:33
Telefon 57 66 56 75
Fax 57 66 56 71
Kontaktperson
Berit Margrethe Grønsberg
Besøksadresse:
Dalavegen 19
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
