Samfunnstryggleik

Årdal kommune skal vere ein god og trygg stad å bu, leva og arbeida.

Lov om kommunal beredskapsplikt pålegg kommunane å kartlegga uønska hendingar og konsekvensen av desse. Risiko og sårbarheitsanlyse er verktyet ein nyttar.

Målsettinga med kommunen sitt arbeid for samfunnstryggleik er å redusere sårbarheita og gjere lokalsamfunnet meir robust ved å redusere omfanget av uønska hendingar.
Beredskapsplan er basert på gjennomførte ROS analyser for å sikre at planverket er retta mot tenkelege hendingar i kommunen, men ein skal og ta høgde for det uventa. Beredskapsplanen vert revidert årleg.

Beredskapsarbeidet skal baserast på ansvarsprinsippet dvs. uønska hendingar skal løysast av den organisasjonen som løyser dei daglegdagse hendingane og på lågast mogleg nivå i organisasjonen.

Akuttfasen
- redda liv, miljø og materielle verdiar (Politi, brannvern, helse, frivillige organisasjonar m.m)

Kriseleiing
- trygga samfunnsoppgåvene (kriseleiinga si oppgåve er å støtte redningsetatane, motverke konsekvensane, arbeide for ei normalisering av situasjonen).

KKL
- kommunal kriseleiing, leiarapparat som vert sett for å handtere krisesituasjonar. Kriseleiinga vil ha utvida fullmakter i forhold til ordinære forhold.

Kriseteam
- fagpersonar som kan å hjelpe menneske i sorg, i krise eller ved katastrofe.

Beredskapsråd
- samarbeidsorgan i beredskapspørsmål, samansett av personar frå offentlege etatar, frivillige organisasjonar og næringsliv.

KKL - kommunal kriseleiing
Ordførar
Rådmann
Helsesjef
Brannsjef
Lensmannen
Informasjon

 

Kriseteam
Leiar
Nestleiar
Psykolog
Lege
Psykiatrisk sjukepleiar
Prest

 

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS