Sakna kunstgras er tilbake

Årdal kommune setter stor pris på at rullen med kunstgras no er returnert. Tusen takk!!

I løpet av natta har ukjende gjerningsfolk vore snille og lagt sakna kunstgras tilbake og sikra vedlikehald av kunstgrasbana for framtida. Kommunen er veldig takksam for dette.

Som de ser av bilete er dette ingen liten rull så håpar korrekt løfteteknikk eller tilstrekkeleg utstyr blei nytta.

Kunstgras retur.jpg


*Opprinneleg etterlysing/artikkel følgjer under*
Etter at kunstgrasbana i Øvre blei oppgradert hadde kommunen ein del avkapp som vi ville nytta til vedlikehald av bana viss det skulle skje noko.

No har det seg slik at ein rull med restdekke, på ca 30 meter, er forsvunne.
Vi er klar over at desse restane kunne vore oppbevart litt finare, men dette var ikkje bos og ikkje meininga at ein berre kunne forsyna seg. Kommunen håpar at vedkommande som har teke denne rullen med kunstgras kan legge den tilbake slik at den kan nyttast til tiltenkt formål.

Saka vil bli politianmeldt om kommunen ikkje får denne rullen tilbake innan fyrstkommande mandag, 11.11.19

Kunstgras 2019.jpg
Kunstgras 2 2019.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut