A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ruteendringar i Indre Sogn frå 24. juni

Buss[1]

Frå måndag 24. juni blir det endringar på fleire fylkeskommunale bussruter til og frå Sogndal, Mannheller, Fodnes, Lærdal og Øvre Årdal.

Dei fleste endringane er justeringar som følgje av at VY endrar rutetidene for ekspressbussruta VY450 mellom Sogndal og Bergen. Informasjon om desse endringane finn de på nettsidene deira, www.nettbuss.no
Kringom justerer sine rutetider for å vareta lokale reisebehov, samtidig som ein får korrespondanse med nokre av avgangane til ekspressbussen til/frå Bergen.
Full oversikt over endringane ligg som vedlegg.
Kringom set opp følgjande nye avgangar:

  •  DX67 - Frå Sogndal skysstasjon kl. 07.55 til Lærdal rådhus, ankomst kl. 08.43.
  • DX67 – Frå Lærdal rådhus kl. 10.25 til Lærdal sjukehus, ankomst kl. 10.30.
  • DX67 – Frå Mannheller kl. 15.38 til Sogndal skysstasjon, ankomst kl. 15.55.
  • Søndag – Frå Lærdal rådhus kl. 19.20 til Sogndal skysstasjon, ankomst kl. 20.15.
  • Søndag – Frå Øvre Årdal kl. 09.25 til Fodnes, ankomst kl. 10.12.
  • Søndag – Frå Fodnes kl. 10.18 til Øvre Årdal, ankomst kl. 11.03.

Rutesøk er oppdatert med endringar, medan rutetabellane vert oppdaterte med endringar i løpet av kort tid.

Ruteendringar skriv frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rutetabell

Tips ein ven Skriv ut