A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ringevikarar i Psykisk helseteneste

Me har ledig Psykisk helseteneste i Årdal kommune søkjer etter ringevikarar.
Søknadsfrist 07.12.2020

 
 
Psykisk helseteneste er samlokalisert på Årdalstangen i nyoppussa lokale i Tangevegen 14.
Her har me bustader for bebuarar med rus og/eller psykiske utfordringar, lågterskel dagtilbod og personalbase med samtalerom.
Me har nyetablert døgnbemanning knytt til bustadane og turnus med langvakter, i tillegg  bemanning på dag for individuell oppfølging og gruppetilbod til  brukarane.
 
Kvalifikasjonskrav
-Personar med helsefagleg høgskule utdanning og studentar
-Helsefagarbeidarar
-Personar med erfaring frå tilsvarande arbeid
-Førarkort klasse B
-Gyldig politiattest
 
Personlege eigenskapar
-Evne til å skape relasjonar og tillit med brukarane
-Høg arbeidskapasitet
-Samarbeidsorientert og lojal
-Sjølvstendig og fleksibel
 
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt, menn vert særleg oppmoda om å søkje.
 
Me tilbyr
-Høve til å delta i utviklinga av ei spennande og nyetablert døgnteneste
-Varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med brukarane med fokus på meistring og aktivitet
-Godt arbeidsmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer
-Ulike vakter dag, kveld og  natt alle dagar
-Løn etter kommunalt regulativ
 
Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter utdanning og kvalifikasjonar etter HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 07.12.2020 Utlyst dato 16.11.2020 Vårref 1104
 
Konpersontakt
Ann Kristin Midtun, Avdelingsleiar, mobil: 97519172, ann.kristin.midtun@ardal.kommune.no