A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rettleiar til bruk av planregister på www.sognekart.no

For å vise reguleringsplanar og bebyggelsesplanar (Kalla utbyggingsplan på nynorsk) må du velje karttype ”Reguleringsplanar og bebyggelsesplanar” øvst til venstre i skjermbiletet. Du kan deretter t.d søke på adresse, eigedom (Gards- og bruksnummer) eller zoome deg inn på områda du vil ha informasjon om. Husk å velje rett kommune når du søker.

For å få informasjon om planen du ser i kartbiletet kan du bruke informasjonsknappen på knapperaden over kartet (Ser ut som ein ”i”). Da får du opp informasjon om planen til venstre i biletet og du kan trykke på linkane for å få opp pfd-dokument av plandokumenta. Det er også på denne knapperaden du zoomer inn (Forstørrelsesglasset) og ut (Knappane ”x2” og ”x5”) eller flytter (Panorerer) kartbiletet.

Ikkje alle område i kommunen er regulert av regulerings- eller utbyggingsplanar. Om adressa du søker på ligg i eit ”kvitt” område er det soneplanane for Årdal som gjeld. For å få kopi av desse planane eller om du lurer på noko kan du kontakte arealplanleggar Stine Mari Måren Elverhøi, tlf 57 66 51 17 eller e-post smme@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut