A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rektor ved Farnes skule

Søknadsfrist 14. april 2020

Ledig stilling

Vil du vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Årdal kommune?
Me har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Farnes skule frå 01.08.20. Rektor har også ansvar for skulefritidsordninga ved skulen.

I Årdal kommune er det to grunnskular. Farnes skule har ca.329  elevar og ca 62 tilsette. 
Skulen er godt utstyrt for å kunne drive variert og tilpassa undervisning  og pedagogisk bruk av digitale verktøy er ein sentral del i skulens verksemd. 
 
Arbeidsoppgåver
Overordna ansvar for drift av skulen
Personal- og budsjettansvar
Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte for alle elevar
Sikre godt skule-heim samarbeid
Vidareutvikle skulen og samarbeidet i nærmiljøet
 
Kvalifikasjonskrav
Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
Relevant undervisningskompetanse
IKT-kompetanse
Erfaring innan administrasjon eller skuleleiing er ei føremon
 
Personlege eigenskapar
Det er ynskjeleg at rektor
er framtidsretta, resultatorientert, strukturert og har evne til langsiktig planlegging
er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver
er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats
er god på samarbeid og kan skape gode relasjonar på alle arena
er god på formidling både  munnleg og skriftleg
 
Me tilbyr
Ein variert og utfordrande jobb
Gode vilkår for fagleg utvikling
Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid 
Moglegheit for å ta vidareutdanning, td. skulelleiing
Gode forsikring og pensjonsvilkår
Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtalen
 
Andre opplysningar
Den som vert tilsett, må leggje fram godkjend politiattest.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Jan Kåre Stedje, Rektor og skulefagleg ansvarleg, mobil: 91358017, jan.kare.stedje@ardal.kommune.no