Reiserett med transporttenesta (drosjekort)

Transporttenesta er ei fylkeskommunal ordning, men kommunane godkjenner brukarar etter fylkeskommunale retningslinjer. I retningslinjene står det m a:

”Transporttenesta er meint å vere eit tilbod til funksjonshemma personar som er
varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er
ein intensjon å prioritere personar med varig livslang forflyttingshemming.”
 
”Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal
kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal elles leggjast til grunn ved
vurdering av søknad, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er
ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes
lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad.
 
Det kan såleis godkjennast personar som ikkje kan, eller berre med store (vesentlege)
vanskar kan reise med buss.
 
Kommunane kan prioritere ein søkjar framfor ein annan søkjar. Søkjar kan plasserast på venteliste. Ein brukar blir godkjend for eitt år , men ny årleg søknad er ikkje naudsynt. Ein godkjend brukar kan få oppheva si brukargodkjenning, til dømes dersom annan søkjar blir prioritert framfor, eller dersom retningslinjene
blir endra.
 
Transporttenesta er eit tilbod om "dør til dør" transport med drosje eller med småbuss
spesielt utstyrt for å transportere funksjonshemma. Transporttenesta er mest eit tilbod om
fritidsreiser. Transporttenesta skal ikkje nyttast ved reiser som blir betalt av andre, t d
reiser til/frå lege betalt av folketrygda (trygdekontor). Eigendelen ved slike reiser skal ein
betale sjølv som andre pasientar.

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS