A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Regulering – planvedtak

I samsvar med plan- og bygningslova §12-12 godkjende Årdal kommunestyre i møte 24. november 2016 i sak 083/16 Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen, Øvre Årdal (PlanID 1424 2014001). 

I same sak oppheva kommunestyre i samsvar med § 12-14 i plan- og bygningslova Reguleringsplan for Jens Davidsonsveg og Verksvegen, vedteken den 25.04.1996 i sak 055/96 (PlanID 1424 1996002).
 
Formålet med vedteken plan er å legge til rette for forretning og industri innafor planområdet. Planen femnar om eit areal på 15 daa som er lokalisert ved anlegget til Hydro i Øvre Årdal mellom dei kommunale vegane Jens Davidsons veg og Verksvegen.
 
Utbyggingsområda i planen er sett av til forretning, industri og kommunalteknisk anlegg. Samla opnar planen for eit bebygd areal (BYA) på i underkant av 10.000 m2 medrekna parkering.
 
Planvedtaket kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova jf. kap. VI i forvaltningslova. Klage må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune, innan 30. desember 2016. Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 år etter kunngjeringsdato jf. kap. 15 i plan- og bygningslova.

 
 

Tips ein ven Skriv ut