A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Regodkjenning trafikksikker kommune

Årdal kommune har fått regodkjenning som trafikksikker kommune i perioden 2020-2022

Årdal kommune er av Trygg Trafikk no regodkjent som trafikksikker kommune for perioden 2020-2022.

Kommunen vart i oktober 2016 godkjent som trafikksikker kommune og etter 3 år var det no tid for ei regodkjenning.

Tysdag 16. juni var det møte her i Årdal og der deltok Knut Olav Nestås, regionleder Trygg Trafikk, Audun Heggestad, seniorrådgjevar frå Trygg Trafikk Vestland, Harald Heieraas, seniorrådgjevar Trygg Trafikk og Kathrine Blaaflat frå Vestland fylkeskommune på møte med kommuneleiinga og politiet sin tenestestadsleiar Magne Knudsen. Arbeidet til kommunen, plandokument og forbetringspunkt vart gått igjennom for å kvalitetssikre at kommunen fortsatt hadde kriterier for å vere godkjent som trafikksikker kommune. 

Årdal kommune fekk, i tillegg til lag og organisasjonar, gode tilbakemeldingar og omtale av representantane frå Trygg Trafikk. Dei synest det førebyggande arbeidet i kommunen er godt. Organiseringa med Årdal tenk tryggleik er spesielt lagt merke til og er heilt unikt for resten av landet.
I tillegg vart idrettslaga sitt arbeid med førebyggande tryggleik i samband med foreldrekøyring og lagsbussar nemnt spesielt. Og ikkje minst var det lagt merke til at bilane ved Hydro sin parkering på Årdalstangen var rygga inn og det var eit godt førebyggande sikringstiltak. Som konsekvens av det har rådmann no innført samme praksis for kommunalt tilsette som køyrer til/frå jobb: "no rygger me" er meldinga som er sendt ut.

Små justeringar kan trygge kvardagen for oss alle.