A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Regionreforma på høyring

Regjeringa ønskjer seg større regionar innan 2020. Sogn og Fjordane fylkeskommune har hausten 2016 forhandla fram ein intensjonsplan for Vestlandsregionen, saman med Hordaland og Rogaland.

Dette er ei svært viktig sak for Sogn og Fjordane, og vi ønskjer at så mange som mogleg kjem med synspunkt og innspel. Då må vi nå ut til folk i fylket med informasjon om høyringa.

Fylkeskommunen har no lagt intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ut på ei brei offentleg høyring.

Tips ein ven Skriv ut