A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage

Reduksjon i foreldrebetaling
Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2016 gjeld det for husstandar med samla inntekt som er lågare enn 486 750 kroner per år.
Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Søknad skal sendast til Årdal kommune.
Søknadsfrist: 01. juni 2016.

Skjema - søknad om redusert barnehagebetaling

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen
Stortinget har vedteke gratis kjernetid 20 timar per veke for 3-, 4- og 5-åringer i husstandar med samla inntekt under kr 417 000,- per år. Den same ordninga gjeld for barn med utsett skulestart.

For begge ordningane gjeld:
Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Sjølvmelding for 2015 for husstanden må leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

I søknaden må dette komme fram:
* Husstanden si samla kapital- og personinntekt
* Namn på barn og fødselsdato på barnet                                     
* Namn på barnehagen barnet/ barna går i                                           
* Storleik på barnehageplass.

Send søknad med dokumentasjon til: 
Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4

6885 Årdalstangen

Meir informasjon om foreldrebetaling 

Vi gjer merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår. For dei som har hatt redusert foreldrebetaling i inneverande år må ny søknad sendast til Årdal kommune innan 01. juni 2016.

Tips ein ven Skriv ut