Rådmann har sagt opp stillinga

Ordførar informerte tysdag 30. september formannskapet om at Frank Westad har sagt opp stillinga si som rådmann i Årdal kommune.


  • 1

Westad byrja som rådmann i kommunen januar 2013 og har no valgt å seie opp stillinga si av personlege årsaker. Han sluttar i stillinga 31.12.2014.

Ordførar har i lag med administrasjon sett i gang arbeidet med ny utlysing. Kommunestyret skal 23. oktober ta stilling til framdrift og prosess for tilsetting av ny rådmann i kommunen.

 

 

Tips ein ven Skriv ut