A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Prosjektleiar/assisterande kommunalsjef

Er du ein strategisk og samlande toppleiar som vil være med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar? Den som vert tilsett skal arbeide i prosjektstilling og overtek deretter ansvaret som kommunen sin kommunalsjef for helse- og omsorgsektoren om lag 1. juni 2018.

Vi søkjer ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal leia helse- og omsorgsektoren. Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, herunder økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Det skal gjennomførast ei utvikling av organisasjonen for å sikre effektiv drift og leiarstøtte i sektoren.

Kommunalsjef for helse og omsorg inngår i rådmannen si leiargruppe.

 Arbeidsoppgåver som prosjektleiar:
 - Revisjon av organisasjonsplanen for sektoren.
 - Planlegge og etablere kommunen si satsing på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.
 - Planoppgåver i samband med oppfølging av omsorgstenesta sine ansvarsoppgåver i Planstrategi 2016-2020.

Kvalifikasjonskrav:
- Kommunalsjefen bør ha relevant utdanning på masternivå eller tilsvarande.
 - Du bør ha erfaring i eitt eller fleire av sektoren sine faglege arbeidsfelt og erfaring frå prosjektleiing.
 - Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon.
 - Leiarerfaring frå komplekse verksemder er ønskjeleg.
 - Erfaring med endringsleiing.

Personlege eigenskapar
Den rette kandidaten er fleksibel, relasjonelt sterk, skapar tillit og eit godt omdøme innad og utad. For å lukkast i rolla er det viktig at du er utviklings- og løysingsorientert i di tilnærming til andre.

Det vert særleg lagt vekt på:
 -  Gode leiareigenskapar og evne til å skape gode resultat
 -  Evne til å skape gode relasjonar
 -  Å vere ein tillitvekkande sparringspartnar
 -  At du er modig, offensiv og har ei tydeleg åtferd
 -  Evne til å delegere ansvar og mynde
 -  God skriftleg framstillingsevne

Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
 - Løn etter avtale

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 459 77 836.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist  15.06.2017                                

Kontaktperson
Olve Fossedal, tlf: 57665010, mobil: 99102850, olve.fossedal@ardal.kommune.no
Rigmor Svanberg, Kommunalsjef, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut