A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Prosjektleiar

ÅLA kommunelogo

Me søkjer etter prosjektleiar i 100% engasjementsstilling i eitt år.
Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland har inngått intensjonsavtale om utvida interkommunalt samarbeid. 

Målesetjinga er å styrkja rekrutteringa, skapa gode og attraktive fagmiljø, meir effektiv drift og evne til å løysa nye oppgåver. Eit funksjonelt samarbeid mellom kommunane vil stimulera til positiv utvikling, både som attraktiv stad å bu og for å utvikla nye og framtidsretta arbeidsplassar.
 
Arbeidet vert leia av styringsgruppe, vald av kommunestyra i dei tre kommunane.
 
Arbeidsoppgåver:
Saksførebuing og rapportering til styringsgruppa
Konkretisering av utvida samarbeid
Samarbeid med administrasjonen i dei tre kommunane
Formidling og informasjon
 
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
Røynsle frå utviklings- og omstillingsarbeid
Evne til skapa engasjement og resultat
 
Lønn og arbeidsstad etter avtale.
 
Søknadsfrist: 12. mai 2018
 
For nærare opplysningar om stillingen: ordførarane Arild Ingar Lægreid 975 29 137, Jan Geir Solheim 988 88 800, Noralv Distad 959 84 638
 
Søknad til Aurland kommune ved ordførar, Vangen 1, 5745 Aurland,e-post: noralv.distad@aurland.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut