A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Prosjektleiar i Tekniske tenester

Ledig stilling.png
Årdal kommune søkjer prosjektleiar innan Teknisk tenester, som vil få ansvaret for å følgje opp ulike investeringsprosjekt. Som prosjektleiar vil du vere med i alle fasane av prosjekta. Søknadsfrist 28.09.2020.

Arbeidsoppgåver
Ansvar for oppfølging av kommunen sine prosjektportefølje, her under prosjektleiing i kommunen sine investeringsprosjekt som; 
-Byggeprosjekt på kommunale eigedommar
-Prosjekt i idretts- og anleggsplanen
-Park og idrett
-Prosjekt innafor VAR (vatn,avlaup og renovasjon)
-Miljø og klima prosjekt som etablering av vernevollar, utnytting av spillvarme, etablering av ladestasjonar m.m.
 
Vera kommunen sin representant i byggeprosjekt, og ivareta byggherrerolla Økonomioppfølging og rapportering, dokumentasjon og ansvar for naudsynte søknadsprosessar på  
investeringsprosjekta.
Innkjøp og gjennomføring av offentlege anskaffelsar
Førebu saker til politisk handsaming 
Det vil bli lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overbefalsordninga innan brann.
Til stillingen ligg og ansvar for oppfølging og søknadar på statlege tilskotsordningar.
 
Kvalifikasjonskrav
Kompetanse
- Ingeniør, men søkjarar med anna relevant kompetanse kan og vera aktuelt
- Erfaring frå prosjektleiing innan bygg- og anleggsbransjen er ønskjeleg.
 
Administrasjonsspråket er nynorsk
 
Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.
 
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er:
- Er målretta, strukturert og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner, men også evne til å jobba sjølvstendig og grundig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Er serviceinnstilt, positiv og initiativrik
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.  
Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, med spennande arbeidsoppgåver.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 28.09.2020 Utlyst dato 11.09.2020 Vårref 1091
 
Kontaktperson
Svein Arve Grindhaug, tlf: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no