A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Prosjekt opptrening etter lårhalsbrot.

Årdal Kommune søkte hausten 2010 om midlar hjå Førde Undervisningssjukeheim til å starte opp eit prosjekt på Rehabiliteringsavdelingen på Årdal sjukeheim. Ein fekk eit tilskot på 50000 kroner og er no i full gang med prosjektet som har fokus på opptrening etter lårhalsbrot.
Det blir i Helse Førde operert ca 300 lårhalsbrot i året, så dette er ei stor pasientgruppe. Målet for alle desse pasientane er å gjenvinne den funksjonen ein hadde før ein fekk lårhalsbrotet. For å klare dette er det viktig å komme fort i gang med opptrening.
Fysioterapeutane kan ikkje være ute i avdleingane til einkvar tid, og det er derfor pleiepersonalet som gjer ein viktig jobb i forhold til opptreningen av desse pasientane. Ønsket var difor å åuke kompetansen hjå pleiepersonalet ute på avdelinga slik at dei blir trygge på korleis desse pasientane skal behandlast.

Tysdag 31. hadde ein difor undervisningsdag for alt personalet på Rehabiliteringsavdelinga på Årdal sjukeheim, fysioterapeutane og ergoterapeutane på Årdal sjukeheim.
Då var Dr Konrad Mader, traumesjef i Helse Førde, avdeling Førde Sentralsjukehus, og underviste om ulike typar brudd og korleis ein behandlar desse brudda.
Fysioterapeut Maria Ljüngberg, og ansett i Helse Førde, avd Førde Sentralsjukehus, underviste om opptreningen i tida etter operasjonen.
Dette var svært lærerikt og inspirerande for alle tilsette. No skal ei arbeidsgruppe beståande av prosjektleiar, avdelingsleiar på rehabiliteringsavdelinga, ergoterapeut, fysioterapeut og 2 representantar fra personalgruppa setje seg ned og utarbeide ei prosedyre som skal nyttast når ein får inn ein pasient med lårhalsbrot på avdelinga.

Målet er da at ein kjem raskt igang med opptrenginga og at pasienten får trening sjølv om fysioterapeutane ikkje er tilstades. Målet er at pasienten fortare skal gjennvinne tilnærma lik funksjon som dei hadde før lårhalsbrotet, og unngå komplikasjonar.
 
Dersom resultatet av prosjektet blir tilfredstillande er det ønskelig å nytte prosedyre på dei andre institusjonanen i kommunen og.

Tips ein ven Skriv ut