A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding: Vis omsyn på gravferdsdagen

Margaret Molland Sanden skal gravleggast frå Årdal kyrkje torsdag 14. november.

I samråd med familien oppmodar kommunen pressa til å vise omsyn denne vanskelege dagen.

Det vert ikkje høve til fotografering i kyrkja før og under sjølve seremonien og på gravplassen. Gravferdsbyrået vil, etter godkjenning frå familie, frigje bilete i ettertid. Familien ber òg om at det ikkje vert teke nærbilete.

For meir informasjon:
Kontakt: Per Kristian Pedersen
Mobil 907 01 139

 

Årdalstangen, 11.11.2013
-Ordførar-

Tips ein ven Skriv ut