A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding: vårflaum i Årdal

Årdal kommune har sett krisestab og vil følgje situasjonen nøye framover. Me ber spesielt om at innbyggarane i området langs elveløpa gjere førebuande beredskapstiltak.

Det vil frå i dag verte sett i gang sikringstiltak i elva Utla og de må rekne med at dette arbeidet vil føregå i pinsehelga også. 

Denne pressemeldinga er i dag sendt ut frå kommunen.

For meir informasjon kontakt:
Ordførar Hilmar Høl mobil 902 01 564
Rådmann Stig Stark-Johansen mobil 924 14 887
 
Vårflaum 
Vårflaum er normalt ikkje eit stort problem i Vestland fylke. Men på grunn av store snømengder i fjellet og låge temperaturar langt ut i mai, er faren for flaumar i fylket større enn normalt. 
Fylkesmannen opplyser at det er i dei indre områda i Vestland fylke som er særleg utsette. Årdal har fått varsel om over 50% sjanse for flaum utfrå målingar. 
 
Årdal kommune har sett krisestab og vil følgje situasjonen nøye framover. 
Me ber spesielt om at innbyggarane i området langs elveløpa gjere førebuande beredskapstiltak og flytter unna verdisaker/utstyr inne og ute som kan bli øydelagde ved evt. flaum eller vatn i kjellar m.m.
 
NVE var tysdag 26. mai på synfaring i Utla-vassdraget og kommunen har fått tilbakemelding om 3 område som må prioriterast:
 
1. Fjerning av massar - strakstiltak
Kommunen vil, etter samråd med NVE og fylkesmannen, sette i gang strakstiltak med fjerning av massar frå elva Utla i området ved Årdal Energi.
Arbeidet vil føregå utover i pinsehelga og bebuarane i området må vere førebudd på arbeid på raude dagar.
Massane vil verte transportert fram til Hjelle og skal nyttast til planlagt utviding av parkeringsplass.
 
2. Svalheim bru
Det er ikkje muleg å sette i verk strakstiltak utan at det vil gje utfordringar i området. Men, me vil følgje situasjonen nøye.
 
3. Øygarden
NVE har varsla Fylkeskommunen som eigar og det vil vere ei synfaring i området i dag for å avklare kva tiltak som kan settast i verk. 
 
Vêrforholda i tida som kjem, vil vere avgjerande for korleis situasjonen utviklar seg. Faren for flaum vil auke viss det kjem regn og mildvêr samstundes. Det er viktig å vere budd på at situasjonen kan vare ei god stund framover og flaumen kan komme i to omganger.
 
Turar i Årdal - stenging av parkeringsplass Hjelle
Me ber dykk spesielt om å vere forsiktig i å gå turar i området der det vil vere stor vassføring og nemner spesielt området inn til Vettisfossen. 
Parkeringsplassen (nederste) vil vere midlertidig stengt i samband med plassering av elvemassen frå Utla. De kan nytte parkeringen "oppe" fram til hovudparkeringa er opna igjen. Men, merk at det ikkje er plass til så mange bilar der.
 
Elles oppmodar me om å:
reinska mellom anna vassvegar og stikkrenner på eigedommen din
flytta unna lagra utstyr, maskiner, rundballar og anna som står langs vassdrag også mindre sideelvar.
Sikre og rydde vekk verdisaker i kjellarar der det er fare for vassinntrenging
Førebu tidleg – vatnet kan stige fort.
 
Gje tilbakemelding på kjende kritiske punkt knytt til infrastruktur og ta kontakt med kommunen om situasjonen vert slik at det vert utrygt der du bur. Dette kan du melde inn på epost beredskap@ardal.kommune.no eller teknisk vakt mobil 918 57 966.​