A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding: Person testa positivt for Covid-19 i Årdal

Korona viruset_225x155

Årdal kommune har fått varsel om at ein person har testa positivt for Covid-19.

Ein person som oppheld seg i Årdal har testa positivt for Covid 19. Vedkommande er i isolasjon og får oppfølging frå kommunen. Personen er frå utlandet og var på veg til arbeid for ei lokal verksemd i kommunen. 

Vedkommande har vore isolert i bustad etter ankomst. Kommunen har gjennomført smittesporing og nærkontaktar er kartlagt og sett i karantene.

På noverande tidspunkt ser ein ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og situasjonen er førebels under kontroll.

Kontaktpersonar i Årdal kommune:
Kommuneoverlege Frode Myklebust mobil 915 17 550
Ordførar Hilmar Høl mobil 902 01 564

 

Hilmar Høl
Ordførar