A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding: Ny person testa positivt for Covid-19 i Årdal

Korona viruset_225x155

Årdal kommune fekk søndag 1. november varsel om ein ny person som har testa positivt for Covid-19.

Vedkommande er i isolasjon og får oppfølging frå kommunen. Personen er frå utlandet og kom til Årdal for arbeide i ei verksemd som har oppdrag i kommunen. 

Kommunen held på med smittesporing og nærkontaktar er kartlagt og sett i karantene. Kommuneoverlegen ser ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og situasjonen er førebels under kontroll.

Årdal har pr. 2. november to personar påvist smitta i kommunen. Med bakgrunn i desse to tilfella oppmodar Årdal kommune alle verksemder i Årdal om å gå igjennom sine interne smittevernsrutinar.


Kontaktpersonar i Årdal kommune:
Kommuneoverlege Frode Myklebust mobil 915 17 550
Ordførar Hilmar Høl mobil 902 01 564