A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding - Nattarbeid på riksveg 5 - Manheller og Fodnes ferjekai

Neste veke blir det vedlikehaldsarbeid på Manheller og Fodnes ferjekai. Arbeidet vert gjort på nettene, og ferja går i alternativ rute.

Natt til tysdag blir det arbeid på ferjekaia på Mannheller. Stenginga startar måndag 8.oktober kl.23.00 og varer fram til kl.05.00. Denne natta går ferja Fodnes-Kaupanger etter desse avgangane:
Frå Fodnes 23.30 01.00 02.30 04.30 til Mannheller
Frå Kaupanger 00.15 01.45 03.15  

Sambandet vil gå i normal rute frå Fodnes kl. 05:00 til Mannheller.

Stengt Fodnes tysdag-fredag
 
På Fodnes er det eit meir omfattande arbeid som skal gjerast på ferjekaia. Arbeidet startar tysdag kveld, og går kvar natt fram til fredag morgon. Stenginga er frå kl.23.30 til kl. 04.30. Desse nettene går ferja Mannheller-Lærdal etter desse avgangane:
Frå Lærdal   00.45  02.15 03.50 via Fodnes kl. 04.30
Frå Mannheller 00.00 til Lærdal 01.30 03.00    

Sambandet vil gå i normal rute frå Mannheller kl. 04.00 til Fodnes.

Vedlagt finn de eit bilete av Mannheller ferjekai (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)
Statens Vegvesen.png

 

Tips ein ven Skriv ut