A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding - bestandsreduksjon av hjortevilt kring Nordfjella

pressemelding viltforvaltar

Femten kommunar i den sokalla Nordfjella-regionen har fått brev frå Miljødirektoratet med bodskapen å leggja til rette for ein kraftig reduksjon av bestandane av hjort og elg. Dette for å redusera faren for smittespreiing av skrantesjuke (CWD) etter påvisninga på villrein i Nordfjella sone 1. Kommunane er Ulvik, Lærdal, Aurland, Hemsedal, Eidfjord, Hol, Ål, Gol, Nes, Nord-Aurdal, Nore og Uvdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Årdal. Råd frå den siste VKM-rapporten (Vitenskapskomiteen for mat og miljø) ligg til grunn for brevet frå Miljdirektoratet.
I brevet (vedlagt) ber Miljødirektoratet om at bestandane av hjort og elg vert halverte i forhold til 2016-nivå. Aurland og Lærdal kommunar vert peika på som ekstra viktige i det førebygjande arbeidet. Dei har høg tettleik av hjort og stort areal med overlapp i arealbruken mellom villrein og hjort/elg. Desse to kommunane vert bede om å redusera bestandane med meir enn 50% i høve 2016-nivå.

Omfattande prøvetaking av hjortevilt, tamt og vilt, frå jakt og som fallvilt, er i gang. Totalt 75 000 prøvar er testa for CWD og pr no tyder resultata førebels på at sjukdommen berre er å finna i Nordfjella sone 1. Dette er godt nytt og det gir håp om at me skal klara å verta kvitt sjukdommen. Det er lov å vera optimistisk. Men me bør leggja til grunn føre-var-prinsippa og saman gjera det me kan for å redusera risikoen mest mogleg for smittespreiing.

Ein god del er allereie gjort
Etter at skrantesjuka vart oppdaga i 2016 har jegrane kring Nordfjella auka avskytninga monaleg. Mange ulike tiltak er sette i verk. Hausten 2017 vart det lagt ned ein formidabel innsats. Den påfølgjande vinteren 2017/18 var klimatisk tøff og i kombinasjon med foringsforbudet har dette truleg også bidrege til reduksjon. Spesielt bestandane av hjort kan sjå ut som allereie er redusert.

Det er er viktig at kommunane og jegerane/jaktrettshavarane kring Nordfjella ser alvoret i situasjonen og vil lytta til dei faglege råda som vert gjeve i dette brevet frå Miljødirektoratet og i VKM-rapporten. Skrantesjuka er ein alvorleg trugsel mot bestandane av hjortevilt, både lokalt, nasjonalt og i verste fall internasjonalt. Ingen er tente med at skrantesjuka spreiar seg. Konsekvensane ved ei spreiing til hjort- og elgbestandane våre vil mildt sagt verta dramatiske. Truleg vil då bestandane av hjortevilt måtte haldast på eit minimum i all overskueleg framtid. Det er i åra som kjem at me har moglegheit til å hindra at dette skjer. Den moglegheita må me ikkje rota vekk, det vil vera utilgjeveleg av omsyn til framtidig dyrehelse og ikkje minst moglegheita til å hausta av bestandane i framtida. Belønninga for å gjera ein god jobb no vil vera at me kan sleppa bestandane opp att når faren er over.

Me oppmodar alle kommunane i Nordfjella-regionen, alle jegerar som jaktar i Nordfjella-regionen og alle jaktrettshavarar i Nordfjella-regionen til å gjera kva dei kan for å redusera sjansen for at skrantesjuka får spreia seg. Me må sjå på jakta desse fyrste åra no som noko meir enn vanleg haustingsjakt. Me må saman finna ut korleis me faktisk skal klara å gjera denne viktige jobben. Og ikkje minst, korleis me skal klara dette på ein god måte. Dei 15 kommunane kring Nordfjella er i brevet gjeve eit stort ansvar. Me meiner me skal klara dette lokalt om me er viljuge til å tenkja nytt. Men samstundes må me også tore å seia ifrå om me faktisk ikkje trur me vil klara å gjera dette.

Felles landbrukskontor ÅLA
Knut Fredrik Øi - viltforvaltar

Tips ein ven Skriv ut