A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Pressemelding 5. november: nye smittetilfelle i Årdal

Korona viruset_225x155

Årdal kommune fekk i går kveld, den 4. november, melding om at to nye personar som oppheld seg i kommunen har testa positivt for Covid-19.

Dei to nye tilfella er nærkontaktar til person som vart testa positiv i førre veke etter å ha komme frå utlandet for arbeide i ei verksemd i kommunen, og har sete i karantene frå dei kom til kommunen.  
Kommuneoverlegen ser ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og situasjonen er førebels under kontroll.

 

Kontaktpersonar i Årdal kommune:
Kommuneoverlege Frode Myklebust mobil 915 17 550
Ordførar Hilmar Høl mobil 902 01 564