§ 6. Hindringar
På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla. Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,25 m over bakken og må ikkje gå ut over fortauskant.
§ 7. Sport, leik
Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.
§ 8. Sperring av fortau m.v.
Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve av politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.
§ 9. Sprengingsarbeid
Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.
§ 10. Diverse arbeid
Reising, riving, vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.
§ 11. Vedlikehald av bygningar m.v.
Ved vedlikehald av bygningar m.v. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.
§ 12. Avvisarar
Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.
§ 13. Fjerning av sperrar
Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i §§ 9, 10 og 11 er gjort eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.
§ 14. Ferdsle på frose vatn eller sjø
Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.