A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Politiske møter i veke 6

Rådhuset

I veke 6 er det møte i utval for helse, sosial og omsorg og formannskapet. Utvalet har møte på rådhuset, medan formannskapet har flytta møtet til Seimsåsen.

Utval for helse, sosial og omsorg

Utvalet skal ha møte torsdag 6. februar kl. 09.00 - 11.00 i kommunestyresalen.
Dei skal ha desse orientering- og drøftingsakene opp:

1. Status Tangavegen 14
2. Helse og omsorgsplan -gjennomgang for å sjå kva komiteen skal prioritere å arbeide med i 4 års perioden. 
3. Informasjon frå tenesteområdet.
 

Formannskapet

Formannskapet skal ha møte torsdag 6. februar og denne gongen er møtet flytta til skihytta på Seimsåsen. Før sjølve møtet i formannskapet skal Årdal utvikling og ÅTIL orientere. 
Tidsplanen for formannskapsmøtet denne dagen vert derfor:
Kl. 11.00 avreise frå rådhuset
Kl. 12.00 Orientering frå Årdal Utvikling
Kl. 12.45 Orientering frå ÅTIL
Kl. 13.30 Formannskapsmøte startar

Saker som skal handsamast i formannskapet er:
004/20 Godkjenning av innkalling og sakliste, signering av møteprotokoll
005/20 Referatsaker 
006/20 Delegerte plan- og byggesaker
007/20 Delegerte skjenke/serveringssaker
008/20 Søknad om ervervsmessig transport - snøscooter - 2020, 2021 og 2022
009/20 Lyssetting av turstiar
010/20 Finansiering av kjøp av ein andel  i Klyngjetunet burettslag
011/20 Planstrategi - føringar for arbeidet
012/20 Delprosjekt 1 - rekruttering og kommunikasjon
013/20 Søknad om rente- og avdragsutsetting (Ikkje offentleg §23)