A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Politiske møter i veke 49

Formannskapet har ordinært møte tysdag 1. desember kl. 12.00.
Dei tre politiske utvala har møte onsdag 2. desember frå kl. 09.00.

Det har vore litt endringar på møtedag og datoar, men det er no kalla inn til følgjande politiske møter kommande tysdag og onsdag.

Formannskapet møter tysdag 1. desember og du finn sakene med vedlegg i møtekalendaren.

Onsdag 2. desember møtes dei tre politiske utvala til felles informasjon og drøftingar knytt til arbeid med planprogram for kommuneplanen sin areal- og samfunnsdel.
Etter fellesmøtet vert det eigne møter i dei ulike utvala:

Utval for helse, omsorg og NAV kl. 12.00 

Utval for teknisk og samfunnstryggleik kl. 12.00

Utval for oppvekst og kultur kl. 12.30