A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Politiske møter 5. mars

Rådhus_edited

Torsdag 5. mars er det møte i formannskapet og utvalet for helse, sosial og omsorg.

Utval for helse, sosial og omsorg skal ha møtet sitt på Årdal sjukeheim frå 09.00 - 11.00 og dei startar møtet med omvisning på sjukheimen. 
Dei vil òg få ei orientering om omsorgstenestene før dei skal gå igjennom status på ulike planverk som høyrer til under desse tenestene.

Innkalling til møte i utvalet.

Formannskapet skal ha møtet sitt i kommunestyresalen.
Dei startar dagen med møte kl. 12.00 som er eit ope arbeidsmøte der tema er:
prioriteringar i planstrategiarbeidet, revisjon av reglement for delegering og prioritering av grupper i omdømmeprosjektet.

Sjølve møtet i formannskapet startar kl. 13.00 og desse sakene skal opp til handsaming:
014/20 Godkjenning av innkalling og sakliste, signering av møteprotokoll
015/20 Referatsaker 
016/20 Delegerte plan- og byggesaker
017/20 Bruksendring frå serviceverksemd til bustad Kaigata 1
018/20 Digitaliseringsstrategi 2020 - 2025 for Årdal kommune og Lærdal kommune
019/20 Dispensasjon frå arealdelen og frådeling til Mannsberg kraftstasjon på gnr 10 bnr 1
020/20 Seimsdal Kraft AS søknad om konsesjon for leige av fallrettar på gnr 3 bnr 5 i Årdal kommune
021/20 Søknad om stønad til SoFjoPride 2020
022/20 Suppleringsval til representantskapet SIMAS
023/20 Søknad om sletting av lån i næringsfondet  U.off.§2
024/20 Søknad om rente- og avdragsutsetting U.off§23

Saker og vedlegg til formannskapsmøtet finn du tilgjengeleg i innsynsportalen.