A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Bustad og eigedom/Planar

Kommunale planar

Er du berørd av ei utbygging eller ønskjer du sjølv å setta i gang med eit utbyggingstiltak, finn du informasjon om framgangsmåtar og ulike plantypar her. 


Du kan sjølv sjå i kommunen sitt planregister  for å finne ut kva planar som gjeld for tomta di. Styrande for kommunen sitt planarbeid er plandelen av plan- og bygningsloven som er gjeldande frå 1. juli 2009.

Arealplanlegging
Den enkelte eigedom kan vere omfatta av fleire arealplankategoriar, alle etter ny plan- og bygningslov

Kommuneplanen sin arealdel
er kommunen sitt overordna styringsdokument og gir ramme for utvikling av kommunen og forvaltning av arealressursane. Kommuneplanen sin arealdelen er ein del av kommunen sitt langsiktige planarbeid. Kommuneplanen sin arealdel er rettsleg bindande for alle arbeid og tiltak som blir omfatta av lova. Det betyr at grunneigarar, heimelshavarar og styresmaktene er juridisk bunden av planen.

Kommuneplanen sin arealdel skal samordne viktige behov for vern og utbygging, slik at det blir enklare å utarbeide meir detaljerte planer og raskare å fatte vedtak i enkeltsaker i tråd med kommunale mål og nasjonal arealpolitikk. 

Arealdelen i Årdal kommune ble vedteke i juni 2012. 

Kommunedelplanar
er overordna planar for eit større område innanfor kommunen, der det er behov for ein større detaljering i høve arealbruk enn det som blir avklart gjennom arealdelen til kommuneplanen. Kommunedelplanar kan også vere temaplanar som til dømes energi- og klimaplanen. Temaplanane er ikkje juridisk bindande.
Årdal kommune har ikkje lenger juridisk bindande kommunedelplanar, men ein arealdel som omfattar heile kommunen, samt ein del reguleringsplanar/utbyggingsplanar.

Bestemmelsane for kommunedelplan finst i § 11-5 i plan- og bygningslova.

Reguleringsplanar
er detaljerte planar med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eit eller fleire formål. 

Det er etter ny lov to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering. Områderegulering blir brukt av kommunen der det er behov for meir områdevise avklaringer av arealbruken. Private aktørar har rett til å fremje framlegg til detaljregulering. Eit krav etter lova er at private aktørar og kommunen skal ha eit oppstartsmøte for å avklare problemstillingar knytt til planen og eventuelt behov for konsekvensutgreiing (KU). 

Vedteken reguleringsplan gir rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og eventuelt ekspropriasjon. 
Føresegnene om reguleringsplanar finst i kap. 12 i plan- og bygningslova

Reguleringsplan og utbyggingsplan
er plantypar etter gamal plan- og bygningslov. Planar etter både ny og gamal plan- og bygningslov vil forsette å eksistere side ved side inntil ein plan blir oppheva ved vedtak eller blir erstatta av ny plan.

Tips ein ven Skriv ut