A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Personvernombod

Mona Fykse

Mona Fykse er frå 1. januar 2019 tilsett i 20 % stilling som personvernombod for kommunane Lærdal, Aurland og Årdal. Ho er til dagleg tilsett som arkivleiar i Årdal kommune.
Stillinga er delt likt mellom kommunane.

Arbeidsoppgåvene til personvernombodet:
 
vera kontaktperson mot innbyggjarar og intern rådgjevar/rettleiar internt i kommunane for tenesteområda, rådmann og administrativ leiing for handsaming av personopplysningar og reglane for dette
vera kommunen sin hovudkontakt mot Datatilsynet og gjere undersøkingar i konkrete saker
sjå til at behandlingsansvarleg har tilfredsstillande system for internkontroll i kommunen (risikovurderingar, avvikshandtering, rutinar og reglar osv.)
ivareta dei registrerte sine rettar
peika på brot i regelverk 
handtere krav om innsyn, sletting, korrigering med meir
halda seg oppdatert på utviklinga innan personvern
gjennomføre haldingsskapande arbeid og opplæring i kommunane
ombodet skal på ein uavhengig måte vurdere om reglane i personopplysningsloven blir følgd i kommunane
 
Personvernombodet skal ha eit sjølvstendig rapporteringsansvar til rådmenna i dei tre kommunane.
Tips ein ven Skriv ut