A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Personvernerklæring

Personvernerklæring

Personvernerklæring for Årdal kommune

Rutine for Årdal kommune si handsaming av personopplysningar
Erklæringa er meint å gje informasjon til innbyggarane og andre brukarar av Årdal kommune sine tenester om korleis Årdal kommune samlar inn og brukar personopplysningar. Den skal gje tryggleik og tillit til at personopplysningar vert handsama korrekt og sikkert i Årdal kommune.

Informasjonssikkerheit
Årdal kommunen har i samsvar med Personopplysningslova, ansvar for at alle personopplysningar om deg er tilstrekkeleg sikra. Kommunen, ved rådmann, er behandlingsansvarleg for Årdal kommune si handsaming av personopplysningar. I tilfelle der ansvaret er delegert omfattar det kun oppgåvene og ikke ansvaret. Erklæringa inneheld opplysningar den registrerte har krav på når det vert samla inn opplysninger fra våre tenesteområde (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi handsamar personopplysningar (Personopplysningslova § 18 1.ledd).

Vi sikrar at kun dei som har eit tenestebehov får tilgang til opplysningane om deg. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette. Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengeleg når det er naudsynt for å utøve våre arbeidsoppgåver og for å gje deg ei best mogleg teneste. Rutinane vert revidert 1 gong i året slik at tryggleiken skal vere så god som mogleg. Dersom vi oppdagar at ei rutine ikkje fungerer slik den skal, vert det følgd opp.  

Omfang
Årdal kommune nyttar Sak- og arkivsystem som følgjer offentleg NOARK standard.  I tillegg vert det nytta andre fagsystem innanfor t.d helse, omsorg, ppt, barnevern, sosial osv.  Desse systema inneheld personsensitiv informasjon.

Årdal kommune handsamar følgjande personopplysningar/brukardata:
Personnummer, adresse, stilling, fagforeiningsmedlemskap, telefonnummer, e-post adresse, sivilstatus, born, etnisk opprinnelse, statsborgarskap, førarkortnr, kontonummer, løn helseopplysningar med meir.

Personvern og teieplikt 
Tilsette i Årdal kommune pliktar å hindre at andre får tilgang til eller kjennskap til personlege opplysningar om deg. Dette gjeld også andre opplysningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til ditt personvern. I einskilde saker er teieplikta særleg streng.

Du har rett til innsyn
Du kan ta kontakt med dei ulike avdelingane våre og be om å få vete kva personopplysningar vi har om deg, kva dei skal nyttast til og kvar dei er henta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.

Du kan krevje at feil blir retta
I utgangspunktet skal vi etter eigne tiltak rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Oppdagar du sjølv at noko er feil – gje beskjed til oss, så rettar vi dette snarast. Du kan krevje at unødvendige opplysningar om deg blir sperra eller sletta. Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er naudsynt for formålet med registreringa. Dette gjelder ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i samsvar med anna lovgivning, til dømes rekneskapslova, forvaltningslova, helseregisterlova og arkivlova.

Når du ber om innsyn, retting og sletting er dette gratis. 

Årdal kommune sine internettsider
Årdal kommune innhentar vanleg besøksstatistikk for sine nettsider. Opplysningane vert kun nytta i samband med drift og vidareutvikling av kommunen sine nettsider.

E‐post og skjema på internett 
Det er sikkerheitsmessige svakheiter ved bruk av e‐post. Årdal kommune har derfor automatiske rutiner for viruskontroll av e‐post. Det betyr at din e‐post vil kunne bli stoppa automatisk. Skjer dette, og du har sendt ein førespurnad til oss, ta kontakt på telefon.
Kontaktinformasjon finn du på vår heimeside www.ardal.kommune.no.

Epostadressa til kommunen er postmottak@ardal.kommune.no og denne kan nyttast til enkle spørsmål og førespurnader. Det same gjeld kommunen si skjemaløysing på internett.
Saker som krev meir grundig sakshandsaming, eller som er arkivverdig i samsvar med arkivlova, vert   registrert. Ver merksam på at bruk av e‐post og åpne skjema på internett har svakheiter som gjere at   opplysningar kan komme på avvege. Send derfor ikkje sensitiv eller fortrulege opplysningar med  e‐post eller via internettskjema. 

Logging i IKT-systema
Årdal kommune har tryggleiksloggar i sine fagsystem. Dei tilsette sin bruk av systema vert registrert.
Det rettslege grunnlaget for slike loggar er kravet om loggar i personopplysningsforskrifta §§ 2-8 og 2-14, samt personopplysningslova § 8 f), for å ivareta verksemda si sikring av andre informasjonsverdiar enn personopplysninger.

Vidareformidling
Vi skal ikkje selgje, bytte eller på annan måte vidareformidle informasjon av nokon art om deg til tredjepart uten at du har samtykka til dette.

Kontaktinformasjon
Årdal kommune: telefon 57665000
Besøksadresse: Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
E-post:  postmottak@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut