Oppstart av arbeid med ny arealdel til kommuneplanen og offentleg ettersyn av planprogram for arealdelen

I medhald av § 11-13 i plan- og bygningslova vedtok kommunestyret i sak 013/11 den 17.02.11 oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel og utlegging til offentleg ettersyn av planprogram til arealdelen.

Arealdelen av kommuneplanen er eit overordna styringsdokument som viser samanhengen mellom samfunnsdelen (Framtidig utvikling) og sjølve den fysiske bruken av areala. Arealdelen skal gi dei folkevalde og administrasjon eit godt grunnlag for utvikling av ressursar og arealbruk i kommunen og legge rammer for detaljplanlegging og for enkeltvedtak i områder som ikkje er omfatta av eigne planar.

Planprogrammet til arealdelen ligg ute til offentleg ettersyn frå 23.02.11 til 15.04.11 og varslar oppstart av planarbeidet. Planprogrammet skal sikre medverknad og samråd kring situasjonen i dag, informere om kva som er føremålet med planarbeidet, klargjere aktuelle alternativ og avklare plan- og utgreiingsbehovet som planarbeidet reiser.

Planprogrammet ligg ute til offentleg ettersyn på biblioteket og rådhuset, og under menyvalet kunngjering og offentleg ettersyn. Eventuelle merknader/innspel til planprogrammet kan sendast skriftleg til postmottak@ardal.kommune.no eller til Årdal kommune, Pb 40, 6881 Årdalstangen innan 15.04.11. Rådmannen

Tips ein ven Skriv ut