A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Oppmoding frå ordførar i samband med nye nasjonal retningslinjer

hilmar ordførar

I den seinare tida har tal koronasmitta auka kraftig og me nærmar oss nivået frå tidlegare i vår. I Årdal er det pr. 5. november 4 personar som er smitta.

Regjeringa har i dag vedteke strengare tiltak som eit forsøk på å hindra ytterlegare smitteauke. Ordføraren oppmodar innbyggarane og verksemder i Årdal om å sette seg godt inn i dei nye nasjonale føringane og halde seg til desse.

Fleire høgskular legg om til enda meir digital undervisning og det er naturleg at studentane frå Årdal vil reise heim i denne tida. Ordføraren oppmodar om at de da tek eit felles ansvar og held dykk mest mogleg i ro heimen dei første dagane. Ikkje utsett andre for evt. smitte.

Årdal kommune anbefalar folk frå område med høgt smittepress om å utsette reiser til Årdal.

Hugs:
1. hald deg mest muleg heime
2. ha minst mogleg sosial kontakt med andre enn dei du bur med
3. dropp unødige innlandsreiser
4. hald minst 1 meter avstand
5. vask hendene ofte og grundig
6. maks 5 gjester heime

Tida framover blir viktig og eg håper at me saman klarer å bremse smitteutviklingen.

Hald hovudet kaldt og hjarta varmt. Ta vare på kvarandre.

 

Hilmar Høl
ordførar