A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Oppmoding frå kommuneoverlegane

Kommuneoverlegane i kommunane i opptaksområdet til Helse Førde ynskjer å komme med ei oppmoding til innbyggarar og besøkande i kommunane.

Den første tida etter heimkomst frå områder med høgt smittepress har du høgare risiko for å vere smitta med viruset, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg:

  • Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre
  • Ikkje oppsøk stadar der folk samlast
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

Auka smittepress fleire stader i landet har ført til ei innstramming av nasjonale føringar som er konkretisert i Covid-19-forskrifta. Smittepresset varierer mykje mellom og innad i dei ulike regionane i landet. På VG sine heimesider kan ein finne god oversikt over smittestatus i landet - heilt ned på kommunenivå.

Både Oslo- og Bergen-regionane har no eit høgare smittetal enn i fleire europeiske land. Status i kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane er meir oversiktleg med låge smittetal hittil, men vi er bekymra for at den alvorlege smittesituasjonen i Bergen og Oslo skal spreie seg til vårt distrikt.

Pandemien har vart lenge, og vil vare i lang tid enno. Den nasjonale strategien er at vi alle held fast på dei generelle smittevernstiltaka med å halde seg heime ved symptom, halde minst 1 meters avstand til andre, ha god hand- og hostehygiene og avgrense talet nærkontaktar. I tillegg nyttar ein TISK- strategien  som inneber omfattande Testing for covid-19, Isolering av smitta personar, rask Smittesporing og å sette nærkontaktar i Karantene for å hindre at smitten spreier seg. Lokale forskrifter nyttar ein ved ein ukontrollert smittesituasjon der denne tilnærminga ikkje lenger er effektiv nok.

I tidlegare Sogn og Fjordane har denne strategien så langt vore vellukka. Dette skuldast nok mellom anna vår geografisk spreidde befolkning og innbyggarane si generelt gode evne til å følge smittevernsråda. Vi meiner at no, med så mykje smitte i regionar nære oss, er det viktig å presisere det ansvaret kvar einskild har for å opptre på ein smittevernsmessig forsvarleg måte. Vi vil oppmode alle om å reise minst mogleg. Om ein har vore i eit område med pågåande lokalt utbrot dei siste 10 dagane, må ein vise eit særskilt omsyn til dei rundt seg.