A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Bustad og eigedom/Kart/Oppmåling

Oppmåling

Målebrev
Målebrev kan rekvirerast for eksisterande eigedom.

Deling av eigedom/frådeling av tomt
Søknadsskjema kan hentast på Tenestetorget eller du kan ringe, og me sender skjema i posten. Grunneigar av eigedom som er omfatta av delinga må skrive under på skjema.

Kom innom eller ring oss om du treng informasjon og hjelp med søknaden.


Grensejustering
Overføring av mindre areal mellom eigedomar. Grensejusteringa blir effektiv ved tinglysing av målebrev. Grunneigar(e) av eigedom som er omfatta av justeringa må skrive under på skjema..


Utstikking av grense/grensepåvising
Etter rekvisisjon føretek me utstikking av grens i samsvar med målebrev.


Andre tenester

  • Utarbeiding av situasjonskart og nabooppgåve i samband med byggearbeid

  • Tildeling av kommunale festetomter på Temmersletti og Seimshagane byggefelt

  • Sal av kommunale festetomter

  • Søknad om deling av eigedom, kartforretning m.m

Årdal kommune har digitale kart over tettstadane og dalane, samt oversiktskart over heile kommunen.

Bestilling av situasjonskart og nabolister skal sendast til postmottak@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut