Oppdaterte retningslinjer for besøk på sjukeheimane i Årdal kommune

Pasientane ved sjukeheimane er ei sårbar gruppe som me ynskjer å beskytta mot covid-19 smitte.
Avstand- og smittevernsreglane gjeld for alle besøk, men me har gjort litt endring i retningslinjene.

Følgjande reglar gjeld for besøk:
Det skal ringast til avdelinga i forkant, og avtale besøkstid. Me oppmodar om at det meste av besøka skjer på dagtid på vekedagane.
Dei som kjem på besøk må vera friske og ikkje vore i kontakt med personar som er sjuke. Personar som er i karantene kan ikkje koma på besøk. Personar som er testa for covid-19, kan ikkje koma på besøk før negativ testsvar føreligg.
Personar som har vore utanfor Noreg, kan ikkje koma på besøk før 10 dagar etter heimkomst
 
Besøk kan foregå på pasienten sitt rom eller utandørs.
Besøkande skal gå rett til pasienten sitt rom, og det er max 3 besøkande om gongen. 
Besøkande skal ikkje opphalde seg i felles opphaldsrom på sjukeheimane
Besøkande skal sprite hendene når dei kjem og når dei går, halda minst 1 meter avstand og unngå fysisk kontakt med den dei besøker
Dersom pårørande vel å ta pasienten med seg ut, har pårørande ansvar for at avstands-og smittevernsreglar vert overholdt.
Pasienten kan motta blomster, gaver ol, men OBS håndhygiene
Besøket vert avgrensa til 30 minutt
Besøkande skal skrive seg inn i  besøkslogg med namn og telefonnummer, som ligg ved inngangen, for å sikre smittesporing i etterkant.  Denne vert makulert etter 10 dagar.